Av Oddmund Hagen i Dag og Tid, 16. Mai 2013
Aksel Selmer er fødd og oppvaksen i Molde, men bur no på Lillehammer.
Han er son av dramatikaren Odd Selmer, og med Bomvokteren har han nådd tolv utgjevingar sidan debuten i 1992, ei veksling mellom prosa og lyrikk, men også med barnebøker og sakprosa på lista.
Bomvokteren handlar om ei tenåringsjente som må overta jobben som bomvakt etter at bestefaren ikkje greier meir. Ho skal bu i bomvaktarhytta i høgfjellet mellom bygda og byen ved havet dit vegen fører. Det er eit karrig og ugjestmildt landskap ho møter, ein naken natur som står som kulisse rundt det naive og barnlege perspektivet ho ser verda gjennom.
Kor handlinga utspelar seg, er ganske diffust, for her finst ikkje geografiske namn, heller ikkje namn på dei personane som opptrer; det er bestemor og bestefar, Bestyraren, Høvdingen, tante, jegeren, bilistane, ja, det er lagt eit slør over det heile som reflekterer ståstaden til jenta, ureflektert, umogen, men også med ein barnleg logikk og ei barnleg tru på at alt heng saman på eit vis som gjer det farlege ufarleg.
UNDERTRYKKJER SEG SJØLV
Heile handlinga refererer til eit maskulint hierarki som minner om eit føydalsamfunn utan rettsvern for dei fattige og underpriviligerte som berre må innrette seg etter dei vilkåra makta gir, og prøve å overleve etter beste evne, det vere seg gjennom tuskhandel, prostitusjon eller tjuveri. Slik sett minner handlinga om eit stilisert tablå frå den tredje verda der dei priviligerte utan blygsel plyndrar dei fattige og framstiller det som om dei prøver å hjelpe. Her skriv Selmer med innsikt og kunnskap om verdsbiletet til makta som også blir verdsbiletet til den undertrykte, og ved å godta samfunnsforståinga til makta er den undertrykte med på å undertrykkje seg sjølv.
For å korte ventetida mellom kvar bil som passerer bommen, sit jenta ofte med teikningane sine, gjerne knytte til familien eller det ho opplever som bomvakt, og i ei Chagall-aktig, surrealistisk framstilling prøver ho å kontrollere den angsten, uroa og uvissa ho kjenner på, for ho veit mykje ho ikkje har ord for. Kven er tanta som gir henne omsydde kjolar og heile tida spelar på det erotiske? Kven er den stumme jegeren som fangar henne inn i pubertale fantasiar? Kven er foreldra som ho teiknar med ein koffert full av blod? Kven er den usynlege musikanten som spelar om nettene? Det er så mykje ho ikkje forstår, så mykje ho berre anar og ikkje kan forsvare seg mot, og når det er slik, blir ho lett eit offer for krefter utanfor hennar kontroll.
VIKLA INN I OVERMAKTA
Og det går gale, sjølvsagt gjer det det. Maktmisbruk, overgrep og utnytting er vondt å vere vitne til, for det jenta ikkje ser sjølv, ser lesaren ganske tydeleg. Ein får faktisk vondt av denne jenta som ikkje greier å ta vare på seg sjølv. I staden blir ho vikla meir og meir inn i det nettet som den diffuse makta spinn rundt henne og andre forsvarslause.
Aksel Selmer har skrive ein flott roman. Det er på tide at det lesande publikum oppdagar denne forfattarskapen.
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
© Dag og Tid
Copyright © All Rights Reserved